Når austerrikarane er gemyttlege og kunnskapshungrige og verten er ein flink gardbrukar og profesjonell guide måtte eit møte som dette bli vellukka. Bøndene som driv med Simmental i Austerrike er i stor grad konsentrert til Niederøsterreich og dei har i dei siste 20 åra våre på studiereiser rundt i Europa. I år kom turen endeleg til Noreg og her står Norsk Simmentalforening, der Kjærland har vore styremedlem, naturleg nok som vertskap under ei rundreise frå 14. til 18. april. Gruppa starta på Hamar og kjem attende dit etter å vore innom Vestlandet. To andre gardsbesøk er lagt inn i tillegg til Staur i Stange som er ein vesentleg stad for all husdyravl. |