|
Mjølkesimmental også på kjøttoppen! | Redaksjonen besøkte Sigve Bø og Kløver Samdrift no i haust. Ei samdrift som han eig saman med 2 andre aktive mjølkeprodusentar. Vi fekk sjå avrekninga frå slakteriet frå våren 2010 då samdrifta leverte 15 ung oksar og 6 kyr. Klasse og vekt talar for seg sjølv. Oksane var frå 20 månader til 25 månader gamle. Slaktevekta gjekk frå 400 -500 kg. Heile 8 oksar i U, 6 oksar i R og berre 1 okse i O og den var heller ikkje simmental. Av kyr så gjekk 3 i R og 4 i O. Ein oppnår ikkje betre resultat på reint kjøttfe eingong. |  | | Les mer | 11.11.2010 |
|